top
             
   

Velkommen til Seim Camping!

Seim Camping ligg på garden Seim, ved enden av Røldalsvatnet midt i fjellbygda Røldal. Plassen er roleg og familievenleg og har fin utsikt mot vatnet og fjella rundt. Campingplassen har også eigen strandlinje ca 100m frå garden med mulighet for fiske og bading.

Røldal, som ligg 400 m over havet grensar mot Hardangervidda Nasjonalpark, og er ellers kjent for den gamle stavkyrkja med sitt undergjerande krusifiks.

Røldal har eit fint turterreng sommar og haust og om vinteren er her flotte skimogelegheter både i Røldal Skisenter og i oppkøyrde turløyper i Røldal eller Seljestad. Preparerte skiløyper rett uttafor hyttene våre (10km) 3km av desse er ljosløypa.

På Seim Camping har vi fire nye velutstyrte heilårs-hytter bygde i 2006 og 2014, og fire enkle campinghytter to av de også til vinterbruk.

På Seim ligg også eit freda gravfelt frå jernalderen med 12 bevarte gravhaugar, det er også ein utstilling i den gamle løa på garden som viser funn fra gravene.

Nytt trådlaust nettverk (2016) som dekkar hele campingplassen og alle hytter (unntatt nr 5)

Vinter: Skibuss mellom Røldal og Håradalen: gratis

(sjå roldal.com for bussrute)

 

photo

photo

photo

photo

photo

   
           
             
Seim Camping, N-5760 RØLDAL - T: (+47) 53 64 73 71 - M: (+47) 975 33 517 / (+47)909 19 063 -- E: seim@seimcamp.no